Om oss
Byrjinga
Alfred Høyland (1922-1995) starta i lære som motorsykkelreparatør hjå Sjursen i Eikangervåg.
1940-talet
Etterkvart vart det òg bilreperasjon, og rett etter krigen starta han opp i krysset Høyland, der han reparerte motorsyklar, små lastebilar og personbilar. Det var òg bensinsal takka være eit 200 liters fat med «nikkepumpe» kalla MIL Benzin.
1960-talet
Biltrafikken auka etterkvart, og i byrjinga av 1960-talet vart det bygd opp ein heilt ny verkstad med smørehall og bensinstasjon under namnet BP. Det var derimot ikkje lange stunda før lokala måtte utvidast igjen.
1973
Bilane trong òg karosserireperasjonar, og i 1973 stod ein ny karosseriverkstad klar saman med eit nytt og større bensinstasjonslokale.
1976
I 1976 gjekk bensinstasjonen over til Norol og med det følgde det òg seddelautomat.
1980-tallet
I nokre år dreiv ein med understellsbehandling av personbilar i den gamle bilverkstaden, men dette vart avslutta i 1980-åra og bygningen vart seinare riven. Det var òg investert i redningsbil på denne tida, og i ei lang tid køyrde ein for både Falken, Viking og NAF.
1991
I 1991 overtok dotter og svigerson Marith og Arve Haugen Høyland Auto. Bensinstasjonen vart då merka om til Statoil.
2006
I 2006 investerte vi i den første bilvaskemaskina og i 2011 kom den andre, som til dags dato gjer ein god jobb.
I dag
I 2015 sa vi opp avtalen med Statoil, og investerte i nye tankar og bensinpumper. Vi er no ein uavhengig bensinstasjon.